TILBAKEBLIKK PÅ VELLUKKA FESTIVAL
Etter to intense veker er Edvard Grieg Septemberfestival over. I denne artikkelen har me samla lenkar til nokre av dei mange artiklar og meldingar som media har presentert i høve festivalen.
 
BT
Ikkje uventa var det Bergens-avisa BT som hadde den tettaste oppfølginga av festivalen. Dei presenterte ei rekkje av festivalarrangementa, som Grieg byvandring (Grieg-vandring i rute), markeringa 4. september (Tettpakket Grieg-dag), Sleppet (Tolker vårløsning i vest), BFO sin Grieg-galla (Grieg-galla fyller Grieghallen), Grieg Internasjonale Korfestival (Korfest i Bergen), Grieg sine samla songar (Legger alle Griegs sanger ut på nett), MiN-ensemblet sine konsertar (Røsker liv i gamle slagere), og Dag Arnesen Trio sin konsert (Dag Arnesens norske kveld).
 
I festiavlperioden nytta dei òg høvet til å melda nykomne Grieg Cd-ar, som Rune Alver sin "Le noveau Grieg" (Den nye, gamle Grieg), Frank Kvinge sine gitartolkingar (En rockemusiker møter Grieg), samt Grex Vocalis' Grieg Choral Music (Griegs kormusikk)
 
NRK
NRK har gjennom året hatt si eiga Grieg-markering, og på denne sida har det komme reportasjar frå aktivitetene deira. Eitt av deira bidrag under festivalen var presentasjonen av Hele opus 62 i kammertjenerne, som del av Ung Grieg-prosjektet.  
 
NRK hadde dessutan medarbeidarar til stades under festivalen og rapporterte frå Kulturnatta i artikkelen Grieg som prolog, samt frå BFO sin Grieg galla i artikkelen Nekrolog for Grieg. Dei gjorde òg eit intervju med direktør Ragna Sofie Grung Moe (Grieg er stadig aktuell) , ein reportasje om OleBullsHits (Tar musikken hjem) med MiN-ensemblet, samt Grieg så svetten renner (Skal sveitte til Grieg) i avslutningshelga.
 
Ballade til Edvard Grieg
Eit høgdepunkt under festivalen var Leif Ove Andsnes sine bidrag med utdrag frå sin nye plate. Plata har fått fleire meldingar desse vekene, mellom anna i VG (Ballad for Edvard Grieg), BT (En målestokk), Haugesunds avis (Forutsigbart behag) og The Times (Old friends in high places)
 
Under festivalen sende NRK 1 og andre internasjonale TV-stasjonar eit TV-program om Andsnes på reise i Griegs fotspor, til Leipzig, København, Roma og Paris. Programmet fekk omtale i Haugesunds avis (Jeg er glad i Grieg), BT (Et Grieg-Kinderegg).
 
Andre avisar
Mellom dei andre avisoppslaga finn me artiklane Grieg hedres og Munter sørgemarsj for Grieg i BA, Et kinesisk fyrverkeri i avisa Sunnhordland, Sørgemarsj over Edvard Grieg på kulturnett.no
 
Internasjonal presse
Også i den internasjonale pressa har det vore fokus på Grieg i september.
 
Den japanske avisa Asahi presenterte artikkelen "Composer's influence continues to resonate" på dødsdagen 4. september.
 
Hjå dei danske mediene fann me to oppslag; i Jyllandsposten Den totale Grieg og i dansk P2: Bergen hylder sin komponist, medan det i svenske aviser har vore fleire artiklar, mellom anna Hundra år sedan Edvard Grieg dog (Gefle Dagblad), Hur vil du fira Edvard Grieg? (Svenska dagbladet), Ballad för Edvard Grieg (Sydsvenskan.se), Grieg bergtar en hel nation (Svenska dagbladet), Sig själv nog (Expressen) og Att bli nyfiken på Grieg (Blekinge Läns Tidning).






Frå utstillinga "Sleppet"
Foto: Magnus Skrede
 
Einar Røttingen (klaver) og Njål Sparbo i konsertserien "Griegs samlede sanger"
 
Ragna Sofie Grung Moe og Liv Glaser spiller firhendig på sykkeltime på SATS
 
Grieg så svetten renner
 

Leif Ove Andsnes under Kulturnatt 7. september